en-USnb-NO

Nyheter

Jårarevyen: Oss har ei mjælkramp nedme veia....

Jårarevyen: Oss har ei mjælkramp nedme veia....

Redaktør: Åsmund Snøfugl/24. mai 2017/Kategorier: Startsiden, Melhus rundt

Ranger denne artikkel:
Ingen rangering

“Oss har ei mjælkramp nedme veia, som ha opplevd myttjy rart,” song Roald Syrstad. Det var ei vise som vekte gamle minne, og som var med på å sette preg på årets Jårarevy. Revyen innheldt på skjemt og alvor, den hadde blinkskot i mange retningar, tok opp heilt lokale saker og viktige spørsmål i tida. Moro var det og god stemning i salen.

Av åsmund Snøfugl
Jårateatret bad også i år inn til revy i ungdomshuset Vonheim på Hølonda. Det er ungdomslaget Framsteg som står bak revyverksemda, som har halde på i mange år.
Det er mange som er med på å sette opp revyen. Skodespe­lar­ane denne gongen var Oddrun Flisen, Jorun Almås, Sturla Estenstad, Kim Esten Estenstad, Åge Berg, Reidar Almås, Øystein Hegge, Inge Ottar Ons­øyen, Gjøran Ons­øyen, Line Ons­øyen, Trine Onsøyen, Arnt Idar Eid, Idar Eid, Oddny Estenstad, Bjørn Iver Restad og Roald Syrstad. Sturla Estenstad var revysjef, instruktør var Randi Merethe Stenset, musikken var ved Ronny Kjøsen og Anders Stenseth, dei to bidrog også med song. Og det var ei stor gruppe som hadde andre oppgåver: Heidi Evjen var sufflør, Sissel Almås hadde ansvar for kostyme og sminke, Bård Alm­ås sørga for lys og stillbilde, lyden hadde Espen Engen i Gauldal Lyd ansvaret for, Even Eid var kameramann, for revyen vart filma, Anders Estenstad var snekkar og inspisient, Øystein Hegge stod for den grafiske utforminga, Arild Berg var alt- ­moglegmann og Anders Sten­seth, som var musikar var også administrator. I tillegg var det jåra­damene som bidrog med kaf­fe og mat, til salgs un­der pau­sen, og sikkert ser­ve­r­ing un­der øvingane. Leiaren i ungdomslaget Framsteg, Roar S. Brattli, kan glede seg over å ha engasjerte og skapande med­­lemar.

Bildet: Dyra i skogen kan vera eit trugsmål mot Metrovann, som har overtatt styringa av vatnet på Hølonda og i Melhus.

Les mer i Gaula.

Antall (534)/Kommentarer ()

Tag:

Siste nummer

GUL11HOV17121401000