en-USnb-NO

Nyheter

Helle og Henrik Haugum  – ei  interessant livshistorie

Helle og Henrik Haugum – ei interessant livshistorie

Redaktør: Åsmund Snøfugl/28. juni 2017/Kategorier: Startsiden, Melhus rundt

Ranger denne artikkel:
Ingen rangering

Henrik Haugum vart født på Haugum Nordre (kalt Haugom) på Han­gersletta på Byneset i 1879.  Foreldra var Gurine Hanger frå Hanger Nigard og Peder Hau­gum. Slekta hans kom til By­neset frå Børsa med Hans Vig­­gen og Elisabeth Hammer som kjøpte Haugum Nordre i 1842.

AV KRISTOFFER HAUGUM


Henrik vart farlaus da han var 10 år. Det prega han kan­skje seinare i livet. Han var eigen­rådig og sterk. Han var odelsgut og hadde ei søster, Marit, som seinare tok over garden. Da han var 18 år stakk Henrik over tunet til nabojenta Ingeborg Haugum, Framigard. Dette vart det uønska resultat av, i allfall frå hans side, så han reiste til Amerika, som de ofte gjorde på den tida. Mora, Gurina hadde høyrt rykte om at han også kanskje hadde fleire eventyr på gang, så ho var glad at han reiste.
Da Henrik var 19 år reiste han til Amerika. Han hadde fått attest frå presten at han hadde fått karakteren ”Nesten Meget godt” i kristendomskunnskap. 30. mars reiste han med skipet Juno til New York. Det var ikkje noko luksusreise.
Reisemålet var Devil Lake i Nord-Dakota, der han hadde  ein onkel, Ole Haugum. De fleste bynesingane som reiste til Amerika hadde nordstatane som mål. Klima og landskap likna på det de var vant med heimafrå, men været var meir ekstremt, 40 gr. varmt og 40 gr. kaldt kunne det være i lange periodar, stormar, tung nedbør med hagl, store som tennisballar.

Bildet: Helle og Henrik Haugum.

Les mer i Gaula.

Antall (365)/Kommentarer ()

Tag:

Siste nummer

Layout 1