en-USnb-NO

Nyheter

Ei ny bygdeborg i gamle Horg

Ei ny bygdeborg i gamle Horg

Author: Åsmund Snøfugl/Wednesday, January 3, 2018/Categories: Startsiden, Melhus rundt

Rate this article:
3.0

Det var rom for indre jubel da eg kunne konstatere at det frå den eine berghamaren til den andre låg eit om lag 50 m. langt og 4-5 m. breitt muranlegg som med ein opphavleg pa­lisadevegg fun­damentert i denne ville ha hin­dra all ukontrollert rørsle inn på borgplatået frå Grøt­dalen like vest for berget.

Av Kjell André Brevik
Neste gong du kjører sørover langs E6 attmed Ler, - og ikkje minst om trafikken tillét det, - vil eg oppmode deg til å sende nokre blikk i retning sørvest og etter kvart vest, rettare sagt mot åsane. Da vil du først sjå Kle­va­håmmåren (ca. 175-200 m.o.h.), dernest ein markant haug (237 m.o.h.) og lengst mot sør kjem Kjelåsen (ca. 220 m.o.h.) til syne. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har vendt augo mine mot desse høgdene og tenkt at dette området ein vakker dag lyt bli gjenstand for eit besøk. Ein kan trygt kalle det ein av desse «ville stadene» som ein berre kjenner på avstand, men som ein kan ha dagdraumar om. Det ligg ein viss mystikk over slike stader som òg kan øve ei sterk dragning på ein.

Landet hans Leifi
Utan mykje førebuing skulle fredag 1. desember 2017 by på ein slik føremiddag ein vanlegvis berre drøymer om. Eg råd­de over nokre verdifulle timar på lysdagen og fann fort ut at ein liten ekspedisjon i landskapet var det som lokka aller mest. Ein tur og fleire samtalar dagen føreåt inspirerte meg til å sette kursen mot grenda Leberg som ligg midtvegs mellom Lundamo og Kvål, men på vestsida av Gaula. Her ligg gardstuna spreidd frå øvst i bakkane og ned til elvesletta. For meg var dette den første kjøreturen langs Lebergvegen og difor ei oppleving i seg sjølv. Berre eit kvarter frå stova mi stod eg på framand jord og med eit perspektiv på bygda som eg aldri før hadde hatt. Leberg eller Løberg, som det kanskje er mest kjent som, er den nordlegaste grenda i gamle Horg kommune (1840-1963) som i det store og heile fell saman med kyrkje­soknet. Ned­re Leberg var den nordle­gaste garden og Kleva­håmmåren utgjorde gren­sa mellom kommunar og sokn. Det finst ulike tolkingar av sjølve stadnamnet Leberg, men Oluf Rygh (1833-1899) tek utgangspunkt i mellomalderforma *Lei­fa­berg som tyder på at forleddet er Leifi, ei kjæleform av mannsnamnet Leifr f. med tydinga ‘eigedom, arv’, opphavleg ‘noko som er et­terlate, leivd’, vidare ‘erving, etterkomar’. Ein nam­nesaga som høver godt til ein gamal busetnad. Det finst eitt enkelt lausfunn frå innmarka nærare storelva som vitnar om at det har budd folk på Leberg heilt tilbake til yngre bron­se­alder (kring 1100-500 f.Kr.), nemleg tuppen av ei såkalla porfyrøks (T 2702), ein reiskapstype som truleg har vore statussymbol bore av menn i datidas bon­desamfunn. Mange slike økser vart ofra, ikkje minst i våtmark. Seinare er det gjort små og spreidde funn i sam­band med jordarbeid  på Leberg-gardane som vitnar om at folk har halde hus her gjennom tusenåra. I 1961 skal Nils Sau­gen ha skrive eit brev til Vitenskapsselskapets Old­sak­samling (i dag NTNU Vitenskapsmu­seet) der han skildrar noko som truleg hadde vore ein godt bevart kultstad frå eldre jarnalder: eit sirkulært anlegg på over to meter i diameter med ei fotkjede av steinar, «løf­tin­gar», og ein eller to kvite steinar i midten. Dette hørest til forveksling ut som heilage kvite steinar slik vi kjenner dei over heile Noreg særleg frå folke­vandringstida (400-560/70 e.Kr.). Mange av dei har fallosform og kjem frå innsida eller toppen av gravminne frå denne perioden. Det er lett å førestille seg at dei kvite steinane var knytt til kulten kring grøde­rikdomen på staden der dei stod. Det sirk­ulære anlegget Saugen rappor -terte kan òg ha vore eit grav­mæle.

Bildet: Bygdeborga under Nedre Leberg, sett mot vest. Foto Kjell A. Brevik.

Les mer i Gaula.

Number of views (320)/Comments ()

Tags:

Siste nummer

GUL11HOV18011101000