X

Responsive image

Nyheter
NOMINERT TIL TARJEI VESAAS´ DEBUTANTPRIS

NOMINERT TIL TARJEI VESAAS´ DEBUTANTPRIS

Author: Melhus Avisa Gaula/Wednesday, February 12, 2020/Categories: Startsiden, Nyheter

Erlend Skjetne frå Melhus har fått mykje ros for Skare, som er diktsamlinga han gav ut i haust. Det beste vitnesbyrdet på at han skriv gode dikt, er at han i førre veke vart nominert til Tarjei Vesaas´ debutantpris. Det er den største anerkjenninga ein diktardebutant kan få i Noreg.

Korleis opplever du å bli nominert til denne prisen, Erlend Skjetne?

Det er ei stor ære å bli nominert! Ei stor overrasking, må eg òg seia, for mange av fjorårets debutbøker har fått vesentleg meir merksemd enn Skare. Men slik er det gjerne med lyrikken, han når ikkje dei store massane. Di hyggelegare er det sjølvsagt at Det litterære råd, som har føreteke vurderinga, har plukka ut akkurat mi bok som ei av dei fire nominerte. Berre det at prisen ber namnet Tarjei Vesaas, kan jo gjera ein litt høgtidsstemt!

 

Med ei sånn anerkjenning, må du no bli inspirert til å halde fram med skrivinga?

Inspirasjon til å halde fram med å skrive hadde eg nok òg før denne nomineringa. Eg arbeider så hardt eg kan med det eg vonar skal bli den neste boka mi. Men eg skal ærleg innrømme at nominasjonen gjev litt større optimisme og sjølvtillit.

Bilde: Erlend Skjetne

Les meir i Gaula

Print

Number of views (44)/Comments (0)

Siste utgave